VA-saken i Avisa Valdres

Følgende er sitat fra Avisa Valdres:

Stor respons på VA i Ålfjell
Vatn og avløp (VA) i Ålfjell. 130 hytteeigarar vil gå inn med 130.000 kroner kvar i anleggsbidrag. No blir det offentleg vatn og avløp for hyttefelta i Ålfjell på Vaset.

 

Prosjektet har ei total investeringsramme på 28 millionar
kroner. Hytteeigarane bidreg med 16,9 millionar av dette.
Oppstart i marka blir truleg våren 2018.

Aukar bruksverdien

Hyttefeltet i Ålfjell vart etablert på 1960-talet og har no totalt i overkant av 150 hytter. I starten var utedo og bering av vatn heilt vanleg, etter kvart har stadig fleire ynskt seg innlagt vatn og avløp på hytta. Dette aukar både bruksverdien og
marknadsverdien.

Samarbeid med Ålfjell Vel

For kommunen er det viktig å få mest muleg av avløp i eit så tettbygd felt inn på kommunalt nett, ikkje minst av
miljøomsyn. Det har difor vore jobba i fleire år med å få til VA-nett i kommunal regi.

Samarbeid med VA-komiteen i Ålfjell Vel har vore viktig for å få dette til. Utan eit frivillig anleggsbidrag frå minst 80
hytteeigarar ville det økonomiske lyftet blitt for stort for
kommunen.

Skriv og informasjonsmøte

Eit par veker før påske vart det sendt ut informasjonsskriv til samtlege hytteeigarar i Ålfjell. Vedlagt var eit svarskjema for bindande tilbakemelding om eventuelt ynske om tilkopling til komande offentleg vatn og avløp.

Det var ogås eit informasjonsmøte i påska, på Brennabu, der det var høve til å koma med spørsmål og innspel elles.

130 blir med

Heile 130 har no sagt ja til å bli med på å yte eit anleggsbidrag på 130.000 kroner for kvar eigedom. I tillegg kjem vanleg
tilkoplingsgebyr på 33.750 kroner.

Sakshandsamar Steinar Tvedt i kommunen seier at det vil koma krav om innbetaling av fyrste halvdel av anleggsbidraget i løpet av hausten, og andre halvdel i løpet av våren 2018.

Til tomtegrensa

Inkludert i summen ligg at kvar hyttetomt får etablert vatn og avløp heilt inn til eiga tomtegrense.

Dei som eventuelt vil kople seg til seinare vil sjølve måtte koste også den private stikkledningen inn til tomtegrensa si.

Anbodsrunde før jul

Rådmann Martin Sæbu seier at det truleg blir sak i
kommunestyret 22. juni, der det formelle vedtaket om å sette i gang blir gjort.

– Går det som vi håpar blir det anbodsrunde før jul, og oppstart i terrenget neste vår, seier Sæbu. Han legg til at det er vanskeleg å seie noko sikkert om når det nye VA-nettet kan stå klart til bruk, men i informasjonsbrevet til hytteeigarane er det antyda anleggsperiode på to til tre år.

Hyttefelt etablert på 1960-talet, no i alt 150 hytter. Både Vestre Slidre kommune og mange hytteeigarar har jobba for å få til offentleg VA-løysing. 130 hytteeigarar har nyleg sagt ja til å bli med på eit opplegg skissert av kommunen. Kvar eigedom yter eit anleggsbidrag på 130.000 kroner. Tilkoplingsavgift kjem i tillegg. Truleg oppstart våren 2018.

Tor Harald Skogheim, Avisa Valdres

Nyheten markeres med dagens morgenbilde!